When
17. December.Time: 11:00 - 16:30
What
Organized by Språkrådet (NO)
I norsk har vi lang tradisjon for å tilpasse skrivemåten av utanlandske ord. Vi skriv i dag utan å blunke «bløff», «trøbbel» og «sjampinjong». Likevel ser vi at ein del tilpassa skrivemåtar har hatt vanskeleg for å slå gjennom – til dømes «bagett», «skvåsj» og «keitering». Er det grunn til å sjå på prinsippa for tilpassing av importord i norsk med nye auge? Kva kan vi lære av praksis og tendensar i nabospråka våre?
Desse spørsmåla er mellom dei som blir diskuterte på seminaret som Språkrådets fagråd for normering og språkobservasjon arrangerer 17. desember i Bergen. Det blir innlegg ved fagfolk frå Noreg, Island og Færøyane.
Seminaret er ope for alle interesserte. Påmelding er ikkje naudsynt.